Ny funksjon erstattar Redirect-URL for /vegobjekter/id

Redirect-URL for /vegobjekter/id har ikkje fungert i Vegkart i det siste. Feilen vil ikkje verte retta, og modulen vert fjerna frå Vegkart.
Men vi har ein ny modul som erstattar redirect-URL, og som i tillegg til vegobjekt kan vise vegnettsegment. Modulen heiter #valgt og er forklart her med eksempel.

/#valgt={vegobjekt/vegnettsegment}

der vegobjekt består av "{VegobjektID}:{VegobjekttypeID}" og 
vegnettsegment består av "{VeglenkesekvensID}:{Veglenkenummer}:
{Segmentnummer}".

Eks:
https://vegkart.atlas.vegvesen.no/#valgt:579117371:5
https://vegkart.atlas.vegvesen.no/#valgt:2426204:3:6