Forbetre brukeroppleving på kort sikt

Det er den siste tida registrert ein del utfordringer med bruk av Datafangst. Statens vegvesen har difor starta eit initiativ for å løyse eller betre på nokre av av desse utfordringane raskt.

Vedlegget viser registrerte saker. Det er ikkje sikkert at alt let seg løyse på kort sikt, men dersom vi får løyst ein del av dei kan vi kanskje leve med dei andre ei stund til. Vedlegget vert oppdatert minimum kvar 14 dag.

Tidsperspektivet på dette initiativet er Januar og Februar 2021. Mot slutten av februar vil vi evaluere resultatet og vurdere om det er nødvendig med fleire kortsiktige tiltak. Tiltaka må vurderast opp mot vårt større mål å levere Datafangst i ny drakt med meir robust funksjonalitet i løpet av 2022.

Kommentarfeltet er aktivert for denne saka for å kunne kommentere saker på lista, prioritering av enkeltsaker og om det er viktige punkt som ikkje er med. Merk at dette gjeld brukaroppleving av Datafangst (tregheit, handlingar som ikkje fungerer som tenkt, knappar og informasjon som er misvisande og upraktisk arbeidsflyt), ikkje funksjonalitet i i Datafagnst eller NVDB generelt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *