Skjerma data i Vegkart

Denne veka fekk vi ein ny funksjon i Vegkart.

Nede i venstre hjørne kom det opp ein hengelås. Her kan godkjende brukarar av NVDB-data logge inn og få vist data som er skjerma for offentegheita i kartet.

Gyldige brukarar er 6- og 8-bokstav ident og P-brukar.

Hugs at dersom du har tilgang til å sjå skjerma data er du og ansvarleg for ikkje å vise eller dele denne informasjonen med andre som ikkje bør ha denne informasjonen.

Det er ulike årsakar til at vi ikkje deler alle data. Det kan vere fordi det er midleritid/ufullstendige arbeidsdata (ofte merka uoffisiell), eller fordi det påverkar nasjonal tryggleik (viktig infrastruktur). Les meir om det her: Data vi ikke publiserer | Vegdata.no