Feil! IND stoppa opp ei lengre periode 16. mars.

Klokka 12:07 16. mars fekk NVDB-IND problem med ei endring i vegnettet. Dette førte til auka serverbruk som førte til fullstendig frys i Les rundt 13:00.

Les fekk vi raskt tilbake med enkle justeringar i servelast, men IND stod fast på vegnettsendringa heilt fram til rundt 15:30 der vi klarte å «hoppe over» den aktuelle endringa og gå vidare med køa.

NVDB funger no som normalt igjen, med eit lite unntak. på fv. 410, fv. 420 og tilstøytande vegar i Arendal er det avvik mellom vegnettet som er registrert i Skriv (og databasen) og det som er vist ut til verda gjennom Les. Dette vil føre til problem dersom nokon forsøker å gjere endringar i dette området. Det ligg difor ein lås på det berørte området og endringar som er innanfor låsen vert ståande på vent til vi har løyst det lokale problemet.

Når låsen er fjerna vert dei lagt inn i køa som nye endringar og vi reknar med dei fleste går gjennom, men enkelte kan verte avviste på grunn av at objektet er oppdatert av andre enringssett i området.