Utfasing av «gamle» vegeferansar 1. november

Neste steg i utfasingsprosessen av gamle NVDB skjer 1. november.

Frå og med 1. november vil ikkje lenger vegreferanseobjektet 532 verte oppdatert på nytt og endra vegnett.

Samstundes vil og det gamle API-et (v2) i NVDB verte skrudd av, og løsninga Visveginfo blir ikkje lengre oppdatert med nytt vegnett.

Dei gamle vegrefranseobjekta vil framleis verte liggande i NVDB og kan søkast opp på same måte som Fartsgrense og Trafikkmengde, men vil ikkje lenger vert oppdaterte med ny verdiar og nytt vegnett. Etter kvart vil alle Vegreferanse verte sett historisk. Dei vert då ikkje lenger synlege i til dømes Vegkart utan å skru dato tilbake til før 1. november 2022.

I praksis vil dette seie at alle verktøy eller opperasjonar som er basert på 532-Vegreferanse vil slute å fungere etter 1. november. Dette inkluderer Vegkart-2019 (som vi har skrudd av alt som eit forvarsel), og objektoppdatering i NVDB Klassisk.

Men Vegreferanse er viktig å ta vare på for å kunne utføre ulike arbeidsoppgåver langt inn i framtida. Vi har difor nokre verktøy for å rekne om frå og til 532-Vegreferanse her: Oversette mellom ny og gammel vegreferanse. Desse vil vi forbetre i tida fram til utfasing av v2.

Vi vil og ha fokus på å løyse og finne alternativ til oppgåver som i dag framleis vert gjort i NVDB-123 så produksjonen ikkje går i stå etter utfasing.