3 feil i Datafangst

Vi har for tida tre kjende feil i Datafangst som vi srbeider med å løyse.

  • Pålogging feilar i perioder.
    Vi har problem med at pålogging feilar. Dette er relatert til ein ekstern teneste som Datafangst nyttar seg av for å logge inn med brukarar frå Statens vegvesen. Vi har ein patch som vil unngå problemet, men vi arbeider vidare med å løyse problemet permanent.
    Ved feil, ta ei lita pause og prøv igjen før du feilmelder til oss.
  • Datafangs loggar ut etter 15min inaktivitet.
    Vi har registrert at enkelte brukarar vert logga ut av Datafangst etter litt inaktivitet (ca. 15min?). Vi trur det avhenger at kva aktivitet som vert utførd i Datafangst, men det skal ikkje vere sånn. Vi arbeider med å kartlegge og identifisere problemet.
  • Stadfesting på private vegar fugerer ikkje. Dersom du skal stadfeste på privat veg må du inntil vidare gå over til gamal løysing for stadfesting. Det er val for det på stadfestingsfanen.