Vi har retta feilen med manglande kart som mange har lagt merke til.
Komplett endringslogg ligg i datafangst-klienten og på github: Endringslogg – Datafangst.
Vi har retta feilen med manglande kart som mange har lagt merke til.
Komplett endringslogg ligg i datafangst-klienten og på github: Endringslogg – Datafangst.
Vi har for tida tre kjende feil i Datafangst som vi srbeider med å løyse.
Datafangst har no flytta inn til Statens vegvesen.
Den nye adressa til Datafangst er:
https://datafangst.vegvesen.no
For test og utviklingsbrukarar er adressene:
https://datafangst.test.vegvesen.no
https://datafangst.utv.vegvesen.no
Dei gamle adressene med kantega.no vil vere aktive ei stund framover, men rådar til å ta i bruk dei nye adressene.
Vi vil i dag gjere ei oppgradering av serveren til Datafangst for å betre stabilitet og redusere risiko for nye driftsproblem som vi har hatt dei siste dagane.
Etter oppgradering er det nødvendig med ein restart av server. Det vert då nedetid i nokre få minutt ein gong mellom 11:00 og 12:00 i dag. Alt arbeid vert lagra, men all emå logge inn på nytt etter restart.
Etter at serveren er oppdatert håpar vi på at Datafangst vil verte stabil igjen og få betre ytelse som ein bonus.
Vi har no utførd nokre endringar i Datafangst som så den er tilbake i normal drift.
Årsaka til problema var overbelastning av server. Endringane vi har gjort no gjer at tenesten ikkje går ned ved stor belastning, men vi vil framleis oppleve tregheit ved mykje bruk.
For å betre ytelsen planlegg vi no oppgradering av server i nær framtid.
Vi har i dag hatt mykje problem med Datafangst. Vi har feilsøkt i heile dag, men har ikkje fått retta feilen.
Sidan vi ikkje finn årsaka til feilen er det vanskeleg å seie noko om forventa tid for å rette den, men vi arbeider vidare med feilsøking.
Feilen påverkar alle som nyttar datafangst API for å skrive til NVDB.
Det er planlagt vedlikehald av interne system knytta til skriving av data til NVDB. Det er venta ustabilitet og nedetid for NVDB API-Skriv i delar eller heile perioden. Det er og venta at andre system som NVDB API-Les og Vegkart kan oppleve ustabilitet og tregheit i perioden.
Klientar som nyttar NVDB API-Skriv vil og oppleve ustabilitet med tanke på oppdatering og uthentig av eksisterande objekt i NVDB, og alle forsøk på å skrive til NVDB vil verte avviste.
Arbeidet byrjar søndag kl. 12:00 og er venta å ta om lag 12 timar. Vi vetar at alt etterarbeid skal vere ferdig og alle system tilbake i normal drift i god tid før kl. 08:00 måndag morgon.
Følg med i driftmelding på vegvesen.no for oppdateringar:
Vi har ei ny oppdatering i Datafangst igjen med fleire viktige forbetringar for å gjere arbeidet lettare og å få mindre feil ved skriving til NVDB.